Er du tilreisande til Hemsedal? Kom gjerne innom biblioteket. Dersom du har nasjonalt lånekort kan du bruke det hos oss, om du ikkje har det kan me lage kort til deg. Alt du låner hos oss kan du levere på biblioteket ditt heime.

Den underjordiske jernbanen av Colson Whitehead
Sekstenårige Cora, som er slave på ein bomullsplantasje i Georgia, bestemmer seg for å flykte saman med ein venn via «den underjordiske jernbanen». Dette er eigentleg eit kallenamn frå slavetida på dei illegale nettverka som hjelpte slavar å rømme til nordstatane. I Whiteheads roman er jernbanen derimot høgst reell, med damplokomotiv, stasjonar og svært usikre avgangstider. Trass i dette brotet med realismen, blir opplevingane til Cora og rasismen som møter henne i ulike former i dei ulike statane, ikkje mindre verkelege.

Rebecca av Daphne Du Maurier
Etter at hans vakre kone Rebecca dør under tragiske omstendigheter, drar den velstående Maxim de Winter til glamorøse Monte Carlo for å drukne sine sorger til latteren fra bekymringsløse feriegjester. Her møter han en sky, ung kvinne som han forelsker seg hodestups i. De gifter seg, og han tar henne med hjem til det engelske familiegodset Manderley. Her blir den unge konen kastet inn i en atmosfære av mørke minner om husets første herskerinne, Rebecca. Snart melder spørsmålet seg: Hva skjedde egentlig med Rebecca? Var hennes plutselige død en ulykke? Og hva vet fru Danvers, det skulende overhodet blant tjenerstaben på godset?
Rebecca er et klassisk drama med alle ingrediensene som skal til for å skape iskalde grøss: et stort engelsk gods fullt av mørke rom og hemmeligheter, onde tjenere, mystiske hjelpere, intriger på tvers av klasseskillene, og der hendelser fra fortiden hjemsøker de levende.

Innen året er omme av Lea Korsgaard
Journalist Lea Korsgaard bestemmer seg for å finne alle dei 64 ulike sommerfuglane som finst i Danmark i løpet av eit år. Jakta på sommerfuglane tek ho med til nye landskap og opplevingar.
Kan det bli spennande lesestoff ut av det? Ja – for det handlar om så mykje meir enn sommarfuglar. Det handlar om å sjå det store i det små. Detaljane i naturen skapar rom for dei store tankane – om natur, naturtap, livet, filosofi, historie, religion, litteratur. Dette er boka du les sakte, får lyst til å notere gode tankar og setningar frå – og som inspirerer deg til å kikke litt ekstra på neste sommarfugl som flyg forbi.

Pyrocumulus av Espen Dekko
Bak denne litt kjedelege framsida skjuler det seg ei svært spennande historie! Vi skal til ei nær framtid i eit land som kan likne på vårt, men der det råder kaos, det er opprør og kamp om ressursar. Sebastian bor i ein vindpark saman med veslesystera Sara og faren sin. Vindparken har vore ein fredeleg plass midt i alt kaoset – heilt til den dagen opprørarar kjem seg inn i parken og tek faren til fange. No startar kampen for å overleve for Sebastian og Sara! Forteljinga vert drive fram i eit høgt tempo, samtidig som forfattaren klarar å skildre eit fint og nært samhald mellom dei to syskena. God bok til eldre barn og unge!
- Hemsedalsvegen 2918, 3560 Hemsedal
- Telefon: +47 314 08 950
- E-post: hemsedal.bibliotek@hemsedal.kommune.no
- Hjemmesida: hallingdalsbiblioteka.no

